Avslutning sesongen 2018-19 og vårprogram Årets utøvar sesongen 2018-19, frå venstre: Sander Gravelsæter Søreng - skiskyting, Helene Martinsen- langrenn jenter/kvinner og Jørgen Vatshelle Halvorsen- langrenn gutar/menn
apr 25, 2019

Avslutning sesongen 2018-19 og vårprogram

Fana Langrenn&skiskyting markerte ein aktiv skivinter i med heider, premiar, forfriskningar, bakverk og lotteri i klassisk stil i klubbhuset på NIP 25 april.  Første organiserte skitrening i sesongen vart halde på Geilo 29. november (samling) og siste 4. april på Totræna, og bildekavalkaden dokumenterte skiglede, innsatsvilje i konkurransar og trening i heile perioden. Spesiell heider vart tildelt Årets utøvarar for sesongen 2018/19: Sander Gravelsæter Søreng for skiskyting og Helene Martinsen og Jørgen Vatshelle Halvorsen for langrenn.Trond Lefdal, vart takka av etter å ha leia Fana langrenn&skiskyting på ein framifrå måte gjennom aktive 5 år for gruppa.

Under mottoet "det er nå resultatlistene skrives" vil vi gje eit treningstilbod frametter våren også til dei som ikkje er 100% opptatt med fotball, O-løp, friidrett, sykkel eller andre idrettar som kombinerer fint med langrenn. Vedlagt er programmet som er laga for vårtreninga - alle er invitert til delta her!

Treningane er basert på: 

  • Samling av organisert treningstur ein gong i veka (stort sett), variert mellom tirsdagar og torsdagar i forhold til helgedagar.
  • Utøvarane i den yngste gruppa, 7-11 år, kan og delta på dei løpsbaserte øktene om foreldre følgjer opp. 
  • Vekt på løpsbasert trening/fjellturar, supplert med nokre rulleskiøkter. Rulleskiøktene er meint berre for gruppene 11-14 og 15+ (dvs f. 2009 og tidlegare), 
  • Vi oppmuntrar til å delta i motbakkeløp/distanseløp etc. av litt lengde. Dette er framifrå kapasitetstrening. For desse løpa (markert raudt i treningsplanen) er det ikkje organisert oppfølging av trenarar.
  • Variasjon i frammøtestad – her kan de få lært nye treningsturar!
  • Treningsturane startar 18:30 om ikkje anna er meldt.
  • Desse treningsturane skal også ha ein sosial funksjon slik at utøvarane kan møtast og gjerne avtala eigne treningsturar i tillegg.
  • Treningane er meint å vera rolege, blodsmaken kan ein heller kjenna på i konkurranseløpa som er vist i planen.

Hugs påmelding til Folgefonn/Jondal- samlinga i juni. Her er det begrensa antal deltakarar - først til mølla!

Idrettsanlegg i Fana
cache/resized/44da385922824fbf5f7a9cb94b9293b0.jpg
Idrettsanlegg i Fana
cache/resized/15bc6045f72887a4c252440a988fbe1d.jpg
Idrettsanlegg i Fana
cache/resized/fe8389074b70dbeff0b2f4a7b4f9a984.jpg
Idrettsanlegg i Fana
cache/resized/d292e2363767947ad00b1b6215cf5b07.jpg
Idrettsanlegg i Fana
cache/resized/6e9601b5aa22d539b9c1d1f4f5e8b876.jpg
Idrettsanlegg i Fana

Kontaktinformasjon

  • Fana IL.
  • Fana Idrettslag, Slåtthaugvegen 144. 5222 Nesttun. Norway
  • Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.