jan 04, 2020

Ørnarstafetten 2020

Ørnarstafetten - søndag 12. januar kl.12.00

på Herresåsen  - Voss ski og tursenter.

Stafettar er alltid høgdepunkt i skisesongen. Her er det viktig at vi mobiliserer for deltaking - og dette er ein kjekk start på konkurransesesongen !

Vi skal gjera vårt beste for at alle kan få gå Ørnarstafetten, og vi ber om at interesserte gir tilbakemelding pr epost til kontaktpersonar innan tirsdag 7. januar kl. 21:00 slik:

Alder 8-10 år  ( fødd 2010 og seinare) :   Erik:              Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Alder 11-12 år (fødd 2008 og 2009) :      Espen:         Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. 

Alder 13 år og eldre,  inkl. senior/veteran (fødd 2007 og tidlegare):  Harald:    Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

 

Fana melder på sine lag samla, og trenarane vil i fellesskap setja opp lag.

Vi treng tid for å setja opp laga og ber om at de respekterer denne interne tidsfristen.

For innbydelse, sjå vedlegg:

 

Klassar og stilartar for Parkstafetten:

Stafett med 3 etappar.

G og J 8-10 år har ingen aldersbegrensning. Valfri stilart på alle etappar . Etappedist: 1 km

G og J 11 til 12 år har aldersbegrensning sum 35 år. Etappedist: 2 km. 1. og 2. etp. klassisk , 3. etp. skøyting

G og J 13 til 16 år har sum aldersbegrensning sum 45 år. Etappedist: 3 km. 1. og 2. etp. klassisk , 3. etp. skøyting

M og K junior + senior. 1. og 2. etp. klassisk , 3. etp. skøyting.  Etappedist. 5 km. 1. og 2. etp. klassisk , 3. etp. skøyting. 

Minnar om skiforbundet sin regel om fluorfritt på gliding til og med 16 år.

I ein individuell idrett som langrenn er stafettar viktige sosialt og for samhaldet. Fana har årvisst stilt med omlag 25-30 lag i desse stafettane, og alt frå rekruttar til veteranar deltar.  Fana stiller med smørjeteam, og trenarane håpar at så mange som mulig av rekruttane våre gir positiv tilbakemelding om deltaking.

Idrettsanlegg i Fana
cache/resized/d292e2363767947ad00b1b6215cf5b07.jpg
Idrettsanlegg i Fana
cache/resized/552342107bff07845ff01cccc48c753a.jpg
Idrettsanlegg i Fana
cache/resized/6e9601b5aa22d539b9c1d1f4f5e8b876.jpg
Idrettsanlegg i Fana
cache/resized/15bc6045f72887a4c252440a988fbe1d.jpg
Idrettsanlegg i Fana
cache/resized/44da385922824fbf5f7a9cb94b9293b0.jpg
Idrettsanlegg i Fana

Kontaktinformasjon

  • Fana IL.
  • Fana Idrettslag, Slåtthaugvegen 144. 5222 Nesttun. Norway
  • Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.