feb 02, 2020

Imponerande stafett av Fana i langrenns-NM

Stafett-laget til Fana gjorde ein meir enn hederleg innsats då dei i dag sette ein støkk i etablerte langrennsklubbar og slo blant anna tidlegare norgesmeister Bulken i langrenns-NM.

Fana sneik seg inn i topp 100-klubben med 96. plassen i dei tøffe løypene på Konnerud, der alle etappane gjekk i fristil på det lause føret.

På Fana-laget gjekk dei tre veltrente karane Matias Oppedal, Daniel Instanes og Ola Grahl-Madsen i nemnde rekkjefølgje.

Fana pusta Voss  i nakken, og ein imponert 3-mils-verdensmester, som gjekk 1.etappe for Voss, uttalte seg på  Fana Il si Instagram-sending like etter målgang. "Eg er kjempeimponert, dei ser ikkje slitne ut ein gong, og eg trur  Fana har potensial til å ta ut enda meir til neste år".

Vi ser fram til neste år og håpar at seniorlaget til Fana vil innfri dei høge forventningane til verdensmester Sjur Røthe. 

Idrettsanlegg i Fana
cache/resized/44da385922824fbf5f7a9cb94b9293b0.jpg
Idrettsanlegg i Fana
cache/resized/d292e2363767947ad00b1b6215cf5b07.jpg
Idrettsanlegg i Fana
cache/resized/552342107bff07845ff01cccc48c753a.jpg
Idrettsanlegg i Fana
cache/resized/fe8389074b70dbeff0b2f4a7b4f9a984.jpg
Idrettsanlegg i Fana
cache/resized/15bc6045f72887a4c252440a988fbe1d.jpg
Idrettsanlegg i Fana

Kontaktinformasjon

  • Fana IL.
  • Fana Idrettslag, Slåtthaugvegen 144. 5222 Nesttun. Norway
  • Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.