jan 21, 2020

Stor KM-helg på Voss 25&26. januar – Vikingrennet og Fanarennet

Vi satsar på like god mobilisering for KM til helga som i Ørnarstafetten på Herresåsen. Her stilte Fana med 21 lag av totalt 74 lag! Imponerande innsats og mange pallplasseringar, lovar godt!

Dette var ein fin opptakt mot kretsmesterskapet som går på same arena til helga, slik:

KM Klassisk  laurdag - Vikingrennet

KM fristil søndag - Fanarennet

KM er sesonghøgdepunkt i skikretsen og her vil Fana å mobilisera.

Hugs påmelding på Min Idrett innan onsdag.

 

Det vil vera mange som nyttar høvet til å slappa av mellom renna på Voss, med mulighet for overnatting i skihuset på Herresåsen (sjå info på fb) eller på Park eller liknande.  

NB! Fana stiller med smørjeteam begge dagane. 

Smørjetips/heimearbeid: Oppdatert torsdag 14:30

Vermelding:

Fredag er det meldt nedbør som snø kring 0 grader, fram til laurdags morgon. Deretter stigande til 2-3 plussgrader midt på dagen laurdag, og lett nedbør som går over til sludd. Sundag opphaldsver frå føremiddagen, overskya og mildt, + 4 grader.

Heimearbeid:

Laurdag - Vikingrennet/ klassisk: 

Festesone: 

  • Rubb festesonen med smergelpapir korn 100 (evt 120) .
  • SWIX KB 20 spray (dekk overgang til glidsone under spraying)

Vidare pålegging av festesmurning på stadion. 

Ta med voksane Rode Violet , SWIX V60, Rode gul klistervoks og klister: Rode violet, Rode multigrade og Rode Rossa special. Hugs kork, skrape og skismørebrennar..

Glidsone:

  • SWIX CH8X 
  • Sikla og børsta godt. 

Smørjeteamet til Fana vil hjelpa til med festesmurning (prioritet) og manuell struktur for glidsoner. Ta kontakt med gjengen i smørjeteltet i god tid!

Sundag - Fanarennet/ fristil: 

  • SWIX CH8X 
  • Sikla og børsta godt. 

Smørjeteamet til Fana vil hjelpa til med manuell struktur for glidsoner. Ta kontakt med gjengen i smørjeteltet i god tid!

 

 

Idrettsanlegg i Fana
cache/resized/d292e2363767947ad00b1b6215cf5b07.jpg
Idrettsanlegg i Fana
cache/resized/6e9601b5aa22d539b9c1d1f4f5e8b876.jpg
Idrettsanlegg i Fana
cache/resized/44da385922824fbf5f7a9cb94b9293b0.jpg
Idrettsanlegg i Fana
cache/resized/15bc6045f72887a4c252440a988fbe1d.jpg
Idrettsanlegg i Fana
cache/resized/fe8389074b70dbeff0b2f4a7b4f9a984.jpg
Idrettsanlegg i Fana

Kontaktinformasjon

  • Fana IL.
  • Fana Idrettslag, Slåtthaugvegen 144. 5222 Nesttun. Norway
  • Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.