Stor KM-helg på Voss 27&28. januar - Sparebankrennet og Vestlandske skistemna Innsatsfulle Fana-jenter i finalen i Viljarsprinten; jenter 13 år, i Fana-drakt frå venstre; Thea, Lisa, Marie og Emma
jan 22, 2018

Stor KM-helg på Voss 27&28. januar - Sparebankrennet og Vestlandske skistemna

Flott innsats og friske duellar både i Viljarsprinten og Ørnarstafetten i helga som var! Fana fullførte med 23 lag og mange pallplasseringar. Heilt til topps gjekk Fana i dei store klassane 13-16 år, gutar 13-16 år, menn senior, og også kvinner senior. 

Dette var ein fin opptakt mot kretsmesterskapet som går på same arena til helga, slik:

KM Klassisk  laurdag - Sparebankrennet

KM Duathlon søndag - Vestlandske skistemna (NB! fristil for 12 år og yngre)

KM er sesonghøgdepunkt i kretsen og her vil Fana å mobilisera. Hugs påmelding på Min Idrett innan onsdag.

Det vil vera mange som nyttar høvet til å slappa av mellom renna på Voss, med overnatting på Park eller liknande.  

NB! Fana stiller med smørjeteam begge dagane. 

Smørjetips/heimearbeid (oppdatert fredag 18:50):

webkamera/verstasjon, sjå: http://skivoss.no/live-foremelding/

Laurdag klassisk: Opphaldsver, lettskya. Minus 2 grader. Voksføre.

Festesone:

  • Toko Grøn (tynt lag smelta inn, kork ut)
  • 2 lag SWIX V40 (eller Rode super extra)

Ta med voksane Rode Multigrade (SWIX 45), Rode Viola, SWIX V60 (Rode Viola ekstra)

Glidsone:

 SWIX CHX 8. Sikla og børsta godt.

Sundag fristil / duathlon: Nedbør,  1-2 varmegrader, skiftande frå snø til regn. Ver kledd for regn&vind!

Mange feste-variantar kan verta aktuelt, både komb. voks/klister og rubbski. Dei som har gjer rubbski klare. Smergelpapir 80 på midten. 

Festesone:

  • KB 20
  • Ta med voksane Rode Viola, SWIX V60 (Rode Viola ekstra), Rode gul kl. voks (SWIX VR 70), klister: Rode violet, rode muligrade (SWIX K22), rode rossa special (SWIX kX 75). 
  • Ta med skismørebrennar for oppvarming av klistertube

Glidsone:

 SWIX CHX 8. Sikla og børsta godt.

 

Idrettsanlegg i Fana
cache/resized/6e9601b5aa22d539b9c1d1f4f5e8b876.jpg
Idrettsanlegg i Fana
cache/resized/552342107bff07845ff01cccc48c753a.jpg
Idrettsanlegg i Fana
cache/resized/44da385922824fbf5f7a9cb94b9293b0.jpg
Idrettsanlegg i Fana
cache/resized/d292e2363767947ad00b1b6215cf5b07.jpg
Idrettsanlegg i Fana
cache/resized/fe8389074b70dbeff0b2f4a7b4f9a984.jpg
Idrettsanlegg i Fana

Kontaktinformasjon

  • Fana IL.
  • Fana Idrettslag, Slåtthaugvegen 144. 5222 Nesttun. Norway
  • Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.