nov 23, 2019

Geilosamlinga 2019 - program, info og smørjetips

Oppdatert program 23. nov. 12:00. Vi ser fram til Geilosamlinga der mange av dei 180 deltakande Fana-løparane vil få ein etterlengta sesongstart. Snøforholda på Geilo per 23 november er gode. Det ser ut til at det er tilstrekkeleg natursnø til å ta i bruk Ustedalsfjorden, og  vermeldinga framover er lovande. I tillegg vert det laga til eit skileikområde for dei yngste nær Bardøla. Vi meiner at vi skal få til eit godt opplegg sportsleg, sjølv om stadion og mestedelen av lysløypa er reservert NC-renn i skiskyting laurdag og sundag.  

For å  vera i beredskap i tilfelle veromslag og flytting av treningsstader opp i høgden og behov for transport ber vi om tilbakemelding om transportkapasitet snarast frå dei som har med privatbilar  (send melding  til Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.  ) .

 Vedlagt er

  • Program for samlinga - revisjon 3 (per 23. nov.). Merk: Oppdateringar av programmet vert lagt på denne sida etterkvart.  
  • Oversikt kupe&setenr på tog
  • Hyttekart

NB! Oversikt - hyttefordeling vert sendt ut per e-post.

Smørjetips oppdatert 27. nov. 

For smørjetips tek vi utgangspunkt i basislista for utstyr som vedlagt. 

Føre: Finkorna tørr nysnø frå torsdag, opphaldsver frå fredag, temperatur mellom -5 og -10. Enkle smørjeforhold

Heimearbeid:

Festesone:

  • Smelt inn Toko Grøn
  • 3 tynne lag med SWIX V40
  • Kork ut mellom kvart lag

.Glidsone:

  • SWIX CH6X
  • Silkla og børsta godt

 Ta med : Kork, SWIX V40, Rode viola P40

Idrettsanlegg i Fana
cache/resized/15bc6045f72887a4c252440a988fbe1d.jpg
Idrettsanlegg i Fana
cache/resized/fe8389074b70dbeff0b2f4a7b4f9a984.jpg
Idrettsanlegg i Fana
cache/resized/6e9601b5aa22d539b9c1d1f4f5e8b876.jpg
Idrettsanlegg i Fana
cache/resized/552342107bff07845ff01cccc48c753a.jpg
Idrettsanlegg i Fana
cache/resized/d292e2363767947ad00b1b6215cf5b07.jpg
Idrettsanlegg i Fana

Kontaktinformasjon

  • Fana IL.
  • Fana Idrettslag, Slåtthaugvegen 144. 5222 Nesttun. Norway
  • Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.