sep 06, 2019

Bruktmarknad - skiutstyr

Barn veks raskt ut av utstyr - og treng stadig nytt utstyr –

så også i år arrangerer Fana Langrenn & skiskyting:

Bruktmarknad

Dato:     onsdag 11.09.2019 kl. 18:30-19:30

Stad:     Slåtthaug - Fana Arena (møterom)

 

Ta med deg ski, skisko, stavar, rulleski, konkurransedrakt, overtrekksklede etc

som ikkje lenger er i bruk og selg til andre som har behov!

NB! Bruktmarknaden blir ikkje arrangert for å gje inntekt til klubben, men er eit framifrå tilbod til familiar som kan få selja eller kjøpa utstyr til barna sine. Vaksne som vil kvitta seg med ski eller kjøpa ski er også velkomne. Vi har derfor lagt opp til eit enkelt system:

  • Seljarane møter opp kl 18:15 og riggar til sine salgsobjekt.
  • Den enkelte står sjølv for prissetting og salg og ryddar opp/tar heim det han evt ikkje blir kvitt.

Ekstraservice:

Denne kvelden disponerer vi skispenn-målar («Eiker-målar»), lånt frå Sport Norge Laguneparken, og vil hjelpa til med å finna ski som passar til løparen. Ta gjerne med gamle ski om de er usikre på om skiene de har er for stive eller mjuke. NB! Skiene som skal målast må vera reine, og glider eller festesmurning må vera fjerna.

Tips: I ein normalvinter er det ikkje uvanleg at vi brukar løypene på Frotveit/Totland sjølv om det er lite snø og risiko for stein som lagar striper i skisålen. På slike dagar er gamle, slitne ski ideelt – og på bruktmarknaden er det gode sjansar for å finna slike «grusski».

Dersom det er noko uklart ta kontakt på e-post med:

Harald Linga - Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Idrettsanlegg i Fana
cache/resized/6e9601b5aa22d539b9c1d1f4f5e8b876.jpg
Idrettsanlegg i Fana
cache/resized/552342107bff07845ff01cccc48c753a.jpg
Idrettsanlegg i Fana
cache/resized/15bc6045f72887a4c252440a988fbe1d.jpg
Idrettsanlegg i Fana
cache/resized/fe8389074b70dbeff0b2f4a7b4f9a984.jpg
Idrettsanlegg i Fana
cache/resized/44da385922824fbf5f7a9cb94b9293b0.jpg
Idrettsanlegg i Fana

Kontaktinformasjon

  • Fana IL.
  • Fana Idrettslag, Slåtthaugvegen 144. 5222 Nesttun. Norway
  • Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.