Andrine og Helene går Kong Haralds ungdomsstafett i Holmenkollen Helene og Andrine i sprintduell
mar 09, 2018

Andrine og Helene går Kong Haralds ungdomsstafett i Holmenkollen

Hordaland skikrets har tatt ut Andrine Østervold og Helene Martinsen til den prestisjefylte og årvisse Ungdomsstafetten som går søndag. I denne stafetten får kvar skikrets berre stilla med to lag kvar, og på kvart lag går det 2 gutar og 2 jenter frå årsklassane 15 og 16 år. Det er såleis ein eksklusiv gjeng frå skikretsane i heile landet som skal konkurrera i 4 x 3.5 km fristil i nasjonalanlegget i Holmenkollen. 

 

Stafetten går søndag føremiddag, rett før kvinnene sin 30 km i Holmenkollen og vert sendt på NRK1 søndag kl 09:30-10:10. Følg med lag 24,  Hordaland II, der Andrine går 2. etp og Helene 4. etp.

Vi gratulerer Andrine og Helene som har kvalifisert seg til denne stafetten. Stafetten er eit påkosta arrangement  med eige løparhotell, bankett laurdag kveld og billett til alle WC-arrangementa; 5-mila laurdagen og 3-mila sundagen. Eit inspirerande sesongmål for 15 - og 16 -åringane!

Idrettsanlegg i Fana
cache/resized/bc474111f9c0e8775652f01cdfb7587b.jpg
Idrettsanlegg i Fana
cache/resized/ff98431ef905f773f6698ef0810e8785.jpg
Idrettsanlegg i Fana
cache/resized/eda5dbe766ca8473ddc6b77ff7e86123.jpg
Idrettsanlegg i Fana
cache/resized/c87d0c7f85d11dbb35a3b15fb31c39cd.jpg
Idrettsanlegg i Fana
cache/resized/4b776412f7a400d35c31ef9abc06bf87.jpg
Idrettsanlegg i Fana

Kontaktinformasjon

  • Fana IL.
  • Fana Idrettslag, Slåtthaugvegen 144. 5222 Nesttun. Norway
  • Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.