apr 23, 2017

Treningsplan vår 2017 - revisjon 1

Vi oppmodar til at utøvarane driv allsidig idrett i sommarhalvåret som f. eks. friidrett, fotball, O-løp, roing.

Som tidlegare år har vi likevel lagt til rette for avtalte treningar, ut frå desse prinsippa: 

  • Samling av organisert treningstur ei gong i veka (stort sett), variert mellom tirsdagar og torsdagar i forhold til helgedagar.
  • Treninga er meint for gruppene 11-14 og 15+ (dvs f. 2007 og tidlegare), men yngre, 8-11 år, kan og delta på dei løpsbaserte øktene om foreldre følgjer opp.
  • Vekt på løpsbasert trening/fjellturar, supplert med nokre rulleskiøkter.
  • Vi oppmuntrar til å delta i motbakkeløp/distanseløp etc. av litt lengde. Dette er framifrå kapasitetstrening. For desse løpa (markert raudt i treningsplanen)  er det ikkje organisert oppfølging av trenarar.
  • Variasjon i frammøtestad – her kan de få lært nye treningsturar!
  • Treningsturane startar 18:30 om ikkje anna er meldt. Endringar på kort varsel vert meldt på FB.
  • Desse treningsturane skal også ha ein sosial funksjon slik at utøvarane kan møtast og gjerne avtala eigne treningsturar i tillegg.
  • Treningane er meint å vera rolege, blodsmaken kan ein heller kjenna på i konkurranseløpa som er vist i planen.
Idrettsanlegg i Fana
cache/resized/c87d0c7f85d11dbb35a3b15fb31c39cd.jpg
Idrettsanlegg i Fana
cache/resized/4b776412f7a400d35c31ef9abc06bf87.jpg
Idrettsanlegg i Fana
cache/resized/ff98431ef905f773f6698ef0810e8785.jpg
Idrettsanlegg i Fana
cache/resized/eda5dbe766ca8473ddc6b77ff7e86123.jpg
Idrettsanlegg i Fana
cache/resized/bc474111f9c0e8775652f01cdfb7587b.jpg
Idrettsanlegg i Fana

Kontaktinformasjon

  • Fana IL.
  • Fana Idrettslag, Tors veg 9. 5221 Nesttun. Norway
  • Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.