mar 06, 2019

Tour de Hardanger 16. -17. mars 2019 - Røldal & Korlevoll

Røldal IL og IL Korlevoll arrangerer for 3. gong Tour de Hardanger som er ein mini-versjon av Tour de Ski.

Tour de Hardanger vert arrangert helga 16-17. mars.  Laurdagen er renna i Røldal, og rennet sundag er på Korlevoll på Seljestad.

For årsklassane 0-10 år er det sonerenn klassisk laurdagen og sonerenn fristil sundagen. For 11 år +  er det laurdagen prolog om føremiddagen, stilart fristil, og med fellesstart klassisk om ettermiddagen. Ut frå bonussekund frå renna  laurdag, vert jaktstart i fristil gjennomført på Korlevoll søndagen. 

Dette er lagt opp som ein publikumsvennleg og spennande "Tour", og vi oppmodar utøvarane om å delta i desse konkurransane som også tel i kretscupen.

Fellesopplegg for Fana:

Fana har denne gongen leigd Utsikten leirstad på Seljestad for helga fredag 15.- sundag 17. mars. Her det sengeplass til 27 personar, og vi legg opp til innkjøp for felles måltider.

Dei som vil overnatta her (160 kr/person pr døgn + fellesutgifter til mat) melder seg til Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.roadpark.no

Første mann til mølla!

RENNPROGRAM

Laurdag:

0-10 år: Sonerenn klassisk 14:00

11 år +: Prolog fristil 11:00, klassisk fellesstart: 15:00

Sundag (Korlevoll):

0-10 år: Sonerenn fristil 12:00

11 år+: Jaktstart fristil 13:00

PÅMELDING i Min Idrett inan 14. mars slik:

11 år+: Meld på for prolog – gjeld som påmelding for alle tre renna

0-10 år: Meld på for kvar renndag separat

Heimeside arrangør: http://www.roldal-idrettslag.com/tour-de-hardanger-17-18-mars-2018/

Idrettsanlegg i Fana
cache/resized/44da385922824fbf5f7a9cb94b9293b0.jpg
Idrettsanlegg i Fana
cache/resized/d292e2363767947ad00b1b6215cf5b07.jpg
Idrettsanlegg i Fana
cache/resized/fe8389074b70dbeff0b2f4a7b4f9a984.jpg
Idrettsanlegg i Fana
cache/resized/15bc6045f72887a4c252440a988fbe1d.jpg
Idrettsanlegg i Fana
cache/resized/6e9601b5aa22d539b9c1d1f4f5e8b876.jpg
Idrettsanlegg i Fana

Kontaktinformasjon

  • Fana IL.
  • Fana Idrettslag, Slåtthaugvegen 144. 5222 Nesttun. Norway
  • Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.