nov 12, 2018

Smørjekurs - feste og glid

Fana Langrenn ønskjer at utøvarane våre skal få gode skiopplevingar, både gjennom meistring av skiteknikk, men også med utgangspunkt i gode ski. Godt feste er avgjerande for å ha glede av ei klassisk skiøkt, og samtidig ønskjer vi å ha god glid.

Det er meldt om interesse for betre å læra seg skismørjing gjennom eit kurs i klubben. Vi vil derfor halda eit  praktisk kurs, retta mot nybegynnnar, der deltakarane skal få øva seg, få tilbakemelding og rettleiing i skismørjing som handverk.

Stikkord for kurset vil vera: 

  • Demo av enkle prinsipp: Gode, rimelege og miljøvennlege produkt + godt verktøy = utgangspunkt for godt resultat, raskt!  
  • Praktisk øving: Ta med utvalde ski og verktøy som du har!  

Tid: Kurset vert halde laurdag 24. november kl. 14:00. Dette er ei veke før Geilosamlinga og eit høveleg tidspunkt for å finna fram ski og smurning etc. før turen til Geilo.

 

Stad: Vi bestemmer stad for kurset ut frå antal påmeldte og vermelding. Stad vert kunngjort på FB seinast dagen før kurset. Kurset vil haldast ute, temperert (under tak viss regn) eller i garasje (bedrift eler privat) slik at det vert mest mulig realistisk i forhold til pålegging av f. eks. klister.

Påmelding: Førehandspåmelding til Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. innan onsdag 21. november. Både utøvarar og foreldre er velkomne til å delta.

Utstyrstips/ basisliste som utgangspunkt for smørjetips er vedlagt.

 

Idrettsanlegg i Fana
cache/resized/fe8389074b70dbeff0b2f4a7b4f9a984.jpg
Idrettsanlegg i Fana
cache/resized/15bc6045f72887a4c252440a988fbe1d.jpg
Idrettsanlegg i Fana
cache/resized/d292e2363767947ad00b1b6215cf5b07.jpg
Idrettsanlegg i Fana
cache/resized/6e9601b5aa22d539b9c1d1f4f5e8b876.jpg
Idrettsanlegg i Fana
cache/resized/44da385922824fbf5f7a9cb94b9293b0.jpg
Idrettsanlegg i Fana

Kontaktinformasjon

  • Fana IL.
  • Fana Idrettslag, Slåtthaugvegen 144. 5222 Nesttun. Norway
  • Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.