mar 17, 2019

Info om neste skihelg på Voss 23. - 24. mars: Vestlandske skistemna 23. og Parkstafetten søndag 24. mars

Vi satsar på å  stilla sterkt på Herresåsen neste helg som er siste helga med renn i kretscupen: Vestlandske skistemna fristil/duathlon laurdag og Parkstafetten søndag!

Parkstafetten er alltid eit høgdepunkt i sesongen, og i Vestlandske skistemna – avslutningsrennet i kretscupen med tilhøyrande premiering for cupen  og flotte uttrekkspremiar. Her er det viktig at vi mobiliserer for deltaking!

Mange planlegg å overnatta på Voss på Park Hotel mellom laurdag og søndag for å få ei komfortabel stund mellom skikonkurransane på Herresåsen. Tilbod frå Park Hotel: Dobbeltrom m/ frukost (2 pers) kr 1750, enkeltrom kr 1175. Oppgi referanse:  FANA. 

Vestlandske skistemna: Påmelding som vanleg via Min Idrett – innan onsdag. Sjå info om stilart og distansar i vedlegg.

Parkstafetten: Vi skal gjera vårt beste for at alle kan få gå Parkstafetten, og vi ber om at interesserte gir tilbakemelding pr epost til kontaktpersonar innan tirsdag 19. mars kl. 21:00 slik:

Alder 8-10 år  ( fødd 2009 og seinare):   Erik:              Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Alder 11-12 år (fødd 2007 og 2008) :      Ørjan:           Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Alder 13 år og eldre,  inkl. senior/veteran (fødd 2006 og tidlegare):  Harald:    Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Fana melder på sine lag samla, og trenarane vil i fellesskap setja opp lag.

Vi treng tid for å setja opp laga og ber om at de respekterer denne interne tidsfristen.

For innbydelse, sjå vedlegg:

Klassar og stilartar for Parkstafetten:

Fyrste start kl 14.00 - Langrenn – Stafett - Sonerenn

Klassisk = K     Skøyting = S

Gutar   8 – 10 år 1,0 km  Stafett   Fri stil ingen aldersbegrensning     Sonerenn

Jenter 8 – 10 år 1,0 km   Stafett   Fri stil ingen aldersbegrensning   Sonerenn

Gutar 11 - 12 år   2,0 km Stafett k-k-s   Aldersbegrensning 35 år         Krinsrenn

Jenter 11 – 12 år 2.0 km Stafett k-k-s Aldersbegrensning 35 år         Krinsrenn

Gutar 13 - 16 år   3.0 km Stafett k-k-s   Aldersbegrensning   45 år       Krinsrenn

Jenter 13 – 16 år 3.0 km Stafett k-k-s Aldersbegrensning 45 år          Krinsrenn

Damer/junior17 - 20 år   5.0 km Stafett  k-k-s                                            Krinsrenn

Herrer/junior 17 - 20 år   10 km Stafett  k-k-s                                             Krinsrenn

Damer/senior                   5.0 km Stafett  k-k-s                                            Krinsrenn

Herrer/ senior                 10 km   Stafett  k-k-s                                               Krinsrenn

I ein individuell idrett som langrenn er stafettar viktige sosialt og for samhaldet. I Ørnarstafetten i januar stilte vi med 24 lag totalt, og vi håpar å stilla like mange lag no.  Fana stiller med smørjeteam, og trenarane håpar at så mange som mulig av rekruttane våre gir positiv tilbakemelding om deltaking.

 

 

Idrettsanlegg i Fana
cache/resized/d292e2363767947ad00b1b6215cf5b07.jpg
Idrettsanlegg i Fana
cache/resized/44da385922824fbf5f7a9cb94b9293b0.jpg
Idrettsanlegg i Fana
cache/resized/fe8389074b70dbeff0b2f4a7b4f9a984.jpg
Idrettsanlegg i Fana
cache/resized/15bc6045f72887a4c252440a988fbe1d.jpg
Idrettsanlegg i Fana
cache/resized/6e9601b5aa22d539b9c1d1f4f5e8b876.jpg
Idrettsanlegg i Fana

Kontaktinformasjon

  • Fana IL.
  • Fana Idrettslag, Slåtthaugvegen 144. 5222 Nesttun. Norway
  • Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.