nov 17, 2018

Geilosamlinga 2018 - program, info og smørjetips

Oppdatert program 28. nov. 23:00. Vi ser fram til Geilosamlinga der mange av dei 180 deltakande Fana-løparane vil få ein etterlengta sesongstart. Status for snøforholda på Geilo per 28 november er at kunstsnøen bergar skiforholda, i lysløypa ut frå Geilohallen og i alpinområda, men laurdag og sundag vert det arangert NC-renn i skiskyting på Geilo.

Dette betyr at stadion og store deler av lysløypa nærast stadion vert reservert rennet desse dagane. Vi har derfor jobba med å finna alternative skiområde som ikkje kjem i konflikt med skiskyttarrennet, og det ser ut som om vi skal finna ei god løysing for alle grupper i samarbeid med serviceinnstilte kontaktar på Bardøla, Geilo IL, Vestlia Resort og SkiGeilo.

For laurdag og søndag vil den yngste gruppa trena på kunstsnøområde i Havsdalen (nedre del av alpinbakken), mens dei andre treningsgruppene vil trena i ytre del av lysløypa (sør) med inngang frå Skurdals-/Treervegen, sjå oppdatert program der transportplan med bussar/privatbilarer beskrive. 

 

For å kartleggja kapasitet med privatbilar ber vi derfor om tilbakemelding om transportkapasitet snarast frå dei som har med privatbilar  (send melding  til Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.  ) .

PS. Yr melder at det frå torsdag 29. november vert stigande temperatur, varmegrader (+2) fredag, med ubetydeleg nedbør. Temp. like under null laurdag og søndag. Det er barmark kring Ustefjorden og is/grus inn mot Prestholt og behov for ein god del snø (10 cm ) for at vi kan få laga skiløyper desse stadene. Plan A  er derfor transport til skiområda som beskrive over.

 Vedlagt er

  • Program for samlinga - revisjon 3 (per 28. nov.). Merk: Oppdateringar av programmet vert lagt på denne sida etterkvart.  
  • Oversikt kupe&setenr på tog
  • Oversikt - hyttefordeling
  • Hyttekart

For smørjetips tek vi utgangspunkt i basislista for utstyr som vedlagt. Ta med voks blå, fiolett

Føre: Kunstsnø (finkorna, trå snø) . Der meldt nysnø frå torsdag, temp: 0 til minus 4 grader

Heimearbeid (oppdatert pr. 25. nov.):

 Festesone: KB 20 spray som utgangspunkt for voks.

.Glidsone: Swix CHX8 eller tilsvarande. Sikla og børsta godt.

 Ta med voks: SWIX V40, Rode Viola og SWIX V60 og klister: Rode Mulltigrade, Rode Viola. Kork+skrape.

 

Tagged under
Idrettsanlegg i Fana
cache/resized/666e6275802fe0cbce5966001ee15c4f.jpg
Idrettsanlegg i Fana
cache/resized/c87d0c7f85d11dbb35a3b15fb31c39cd.jpg
Idrettsanlegg i Fana
cache/resized/bc474111f9c0e8775652f01cdfb7587b.jpg
Idrettsanlegg i Fana
cache/resized/4b776412f7a400d35c31ef9abc06bf87.jpg
Idrettsanlegg i Fana
cache/resized/eda5dbe766ca8473ddc6b77ff7e86123.jpg
Idrettsanlegg i Fana

Kontaktinformasjon

  • Fana IL.
  • Fana Idrettslag, Slåtthaugvegen 144. 5222 Nesttun. Norway
  • Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.