sep 05, 2018

Bruktmarknad onsdag 12. sept 18:30-19:30 Slåtthaug - Fana Arena

 

Barn veks raskt ut av utstyr - og treng stadig nytt utstyr – så gjer eit kupp i forkant av handledagen seinare i månaden

Ta med deg ski, skisko, stavar, rulleski, konkurransedrakt, overtrekksklede etc som ikkje lenger er i bruk og selg til andre som har behov!

 

NB! Bruktmarknaden blir ikkje arrangert for å gje inntekt til klubben, men er eit framifrå tilbod til familiar som kan få selja eller kjøpa utstyr til barna sine. Vaksne som vil kvitta seg med ski eller kjøpa ski er også velkomne. Vi har derfor lagt opp til eit enkelt system:

  • Seljarane møter opp kl 18:15 og riggar til sine salgsobjekt.
  • Den enkelte står sjølv for prissetting og salg og ryddar opp/tar heim det han evt ikkje blir kvitt.

Ekstraservice: 

Denne kvelden disponerer vi skispenn-målar («Eiker-målar»), lånt frå Sport Norge Laguneparken, og vil hjelpa til med å finna ski som passar til løparen. Ta gjerne med gamle ski om de er usikre på om skiene de har er for stive eller mjuke.

Tips:

I ein normalvinter er det ikkje uvanleg at vi brukar løypene på Frotveit/Totland sjølv om det er lite snø og risiko for stein som lagar striper i skisålen. På slike dagar er gamle, slitne ski ideelt – og på bruktmarknaden er det gode sjansar for å finna slike «grusski».

 Vedlagt er anbefaling for ski- og stavlengder.

 

Dersom det er noko uklart ta kontakt på e-post med:

Jørgen Hansen - Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. eller Harald Linga - Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Idrettsanlegg i Fana
cache/resized/4b776412f7a400d35c31ef9abc06bf87.jpg
Idrettsanlegg i Fana
cache/resized/c87d0c7f85d11dbb35a3b15fb31c39cd.jpg
Idrettsanlegg i Fana
cache/resized/bc474111f9c0e8775652f01cdfb7587b.jpg
Idrettsanlegg i Fana
cache/resized/eda5dbe766ca8473ddc6b77ff7e86123.jpg
Idrettsanlegg i Fana
cache/resized/666e6275802fe0cbce5966001ee15c4f.jpg
Idrettsanlegg i Fana

Kontaktinformasjon

  • Fana IL.
  • Fana Idrettslag, Slåtthaugvegen 144. 5222 Nesttun. Norway
  • Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.