Avslutning sesongen 2017-18 og vårprogram

Sesongavslutning 2017/18 og treningsplan for våren (revidert 25. april).

Fana Langrenn&skiskyting markerte den beste skivinteren i manns minne på våre trakter med heider, premiar, forfriskningar, bakverk og lotteri i klassisk stil i klubbhuset på NIP 17. april.  Første organiserte skitrening i sesongen vart halde 12. november på Totland og siste 19. april (foreløpig) på Frotveit, og bildekavalkaden dokumenterte skiglede, innsatsvilje i konkurransar og trening i heile perioden. Spesiell heider vart tildelt Årets utøvarar for sesongen 2017/18: Hedda Carlsen for skiskyting og Vetle Bustnes Martinsen og Andrine Østervold for langrenn. 

 

Under mottoet "det er nå resultatlistene skrives" vil vi gje eit treningstilbod frametter våren også til dei som ikkje er 100% opptatt med fotball, O-løp, friidrett, sykkel eller andre idrettar som kombinerer fint med langrenn. Vedlagt er programmet som er laga for vårtreninga - alle er invitert til delta her!

Treningane er basert på: 

  • Samling av organisert treningstur ein gong i veka (stort sett), variert mellom tirsdagar og torsdagar i forhold til helgedagar.
  • Treninga er meint for gruppene 11-14 og 15+ (dvs f. 2008 og tidlegare), men yngre, 8-11 år, kan og delta på dei løpsbaserte øktene om foreldre følgjer opp.
  • Vekt på løpsbasert trening/fjellturar, supplert med nokre rulleskiøkter.
  • Vi oppmuntrar til å delta i motbakkeløp/distanseløp etc. av litt lengde. Dette er framifrå kapasitetstrening. For desse løpa (markert raudt i treningsplanen)  er det ikkje organisert oppfølging av trenarar.
  • Variasjon i frammøtestad – her kan de få lært nye treningsturar!
  • Treningsturane startar 18:30 om ikkje anna er meldt.
  • Desse treningsturane skal også ha ein sosial funksjon slik at utøvarane kan møtast og gjerne avtala eigne treningsturar i tillegg.
  • Treningane er meint å vera rolege, blodsmaken kan ein heller kjenna på i konkurranseløpa som er vist i planen.
Idrettsanlegg i Fana
cache/resized/ff98431ef905f773f6698ef0810e8785.jpg
Idrettsanlegg i Fana
cache/resized/c87d0c7f85d11dbb35a3b15fb31c39cd.jpg
Idrettsanlegg i Fana
cache/resized/666e6275802fe0cbce5966001ee15c4f.jpg
Idrettsanlegg i Fana
cache/resized/4b776412f7a400d35c31ef9abc06bf87.jpg
Idrettsanlegg i Fana
cache/resized/eda5dbe766ca8473ddc6b77ff7e86123.jpg
Idrettsanlegg i Fana

Kontaktinformasjon

  • Fana IL.
  • Fana Idrettslag, Tors veg 9. 5221 Nesttun. Norway
  • Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.